For Employers
MEKANIKARAR
Company logo (non-clickable)
NOV
13 days ago
Posted date
13 days ago
N/A
Minimum level
N/A
OtherJob category
Other
JOB DESCRIPTION

VI SØKAR MEKANIKARAR

NOV / HELLENES er ei kompetanseverksemd innan automasjon, elektro og mekanisk. Vi leverer separasjonsanlegg for boreslam til oljenæring Offshore og Onshore globalt, etter eige patent. Produktet blir engineert, produsert og testa hos oss, klart til drift for kunde i ein global marknad. Teknologien vår bidreg til betre energiutnytting og lågare belastning på miljø. Vi er ISO-sertifisert iht 9001, 14001 og 45001.

Hellenes AS er blitt oppkjøpt av NOV som er et globalt selskap i energibransjen. Vi har derfor spennande tider i møte med økt aktivitet og produksjonen skal opp. Har du lyst til å vere med på reisa?

Hos NOV / Hellenes AS vil du bli en del av eit tverrfagleg team der samarbeid og kvalitet står i høgsetet. Du får arbeide med innovative produkt, og du vil få utvikle deg fagleg.

Vi ser etter nokon med god arbeidskapasitet, som trivast med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre.

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, med gode vilkår og ordningar, og moglegheit for fagleg utvikling.

Arbeidsstad er på Verftet på Øyrane, Førde. Reise kan førekomme etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon, installasjon, oppstart og vedlikehald av prosessanlegg for borreavfall
  • Kvalitetskontroll
  • Testing av prosessanlegg
  • Delta i utvikling og forbetring av produkt, drift og arbeidsmiljø


Kvalifikasjonar / Aktuell bakgrunn

  • Fagbrev som Industrimekanikar, bilmekanikar, landsbruksmekanikar, eller anna relevant utdanning innan fagfeltet
  • Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande formell utdanning
  • Høyres dette ut som ein spanande moglegheit?


Ved spørsmål om arbeidsoppgåver m.m. kan dei rettast til:

Bjart Arne Kusslid (Produksjonsleiar) +47990 26 862 BjartArne.Kusslid@nov.com

Frist: Vi tar imot og behandlar søknadar fortløpande.
Related tags
-
JOB SUMMARY
MEKANIKARAR
Company logo (non-clickable)
NOV
Førde i Hordaland
13 days ago
N/A
Full-time